Bryggja i krigsåra 1940-1945

Det er skrive mykje om andre verdskrigen, om heltemodig innsats og dramatiske hendingar, som til dømes Måløyraidet.

At bygda vår hadde ei sterk føling med okkupasjonsmakta i desse åra er knapt nok omtala. Difor er det viktig å få festa til papiret det vi veit og det dei eldste hugsar frå denne tida.

Bryggja var i 1940 eit viktig trafikk-knutepunkt, i og med at riksveg 60 ( no rv. 15) var ferdig her til. Vidare vestover var den under arbeid, men ikkje ferdig. Det var vel difor naturleg at her vart plassert tyske hærstyrkar for å kontrollere både vegnettet og trafikken på fjorden.

Allereide 9 April, fyrste dagen av den tyske invasjonen, vart det landsett tyske soldatar i Måløy. Hurtigruteskipet Finnmarken vart omdirigert til Bryggja der alle passasjerane vart sett i land, båten måtte gå til Sandane med norske soldatar. Same dagen kom eit tysk transportskip som heitte Skagerrak og la seg til utafor bygda, men gjekk ikkje under land.

Etter dette vart det organisert vakthald med vaktrom i kjellaren i huset til Ragnvald Nore, skyttarlaget var ansvarleg for dette.
Vakthaldet varte berre fram til kampane i sør- Norge tok slutt. Kapitulasjonsavtalen vart underteikna i Trondheim 10. Juni 1940.

Omlag på denne tida kom dei fyrste okkupasjonsstyrkane til bygda vår og oppretta ei militærforlegning her. Dei beslaga Maurstad skule og ungdomshuset Bygdatun, som vart tekne i bruk som kaserner for soldatane.
Dei tok òg husa til lærar P.P. Midthjell og Edvin Nore, like eins husa som i dag Karstein Nore og Søren Bortneskår eig.

Eit mindre hus på Maurstad som stod tomt vart òg beslaglagt og nytta til befalsmesse.
Heile dette området, utanom huset på Maurstad, vart innhegna og og sikra med solid piggtrådgjerde, og det vart sett opp fleire tunge sperringar over vegen både ved skulen, vegkrysset og vestanfor Midthjell sitt hus.
Sperringane var til plage for folket i dei indre deler av bygda, som måtte passere dette området for å kome til butikken eller utføre andre ærend i sentrum. Det var ikkje fast vaktpost ved sperringane, men patruljerande vakt, så det vart ofte mykje venting før ein fekk passere. Å ta seg gjenom sperringane på eigahand var livsfarleg.
I tillegg til passkontroll vart alle pålagd å ha sokalla grensebuarbevis.

Det vart innført blendingspåbod, når det var mørkt måtte alle vindauge vere tildekka, so bygda var mørklagd i alle desse åra.
I Noranakken og på Kalneset vart det sett opp vakthytter, og på eigedomen til Edvin Nore vart det bygd fleire brakker og bunkersar.

På Rinden på Maurstad vart det sett opp to langtrekkande kanoner som skulle dekke skipsleia på fjorden. Også på Kalneset var det plassert kanoner, truleg var dette luftvernskyts. Mobile granatkastarar vart òg utplassert.

Så vidt ein veit kom det ikkje til alvorlege konfrontasjonar mellom dei tyske mannskapa og bygdefolket, men ein veit at her var personar som hadde kontakt med motstandsfolk i andre bygder i Nordfjord og i andre deler av landet.

Ein kan nemne den engelske etteretningsagenten Chawot Musters og tre andre engelskmenn som kom nordover frå Bergen og vart ført over til Shetland av Edvin Nore med fiskebåten Reidar i mai 1940. Doktor Sveine stod for kontakta og organiseringa av denne flukta.

Om hausten i 1941 hadde Bryggja besøk av den legendariske motstandsmannen Gunnar Sønsteby. Sønsteby og kameraten Claus Helberg hadde avtalt at ei skøyte skulle kome til Bremanger og hente dei og nokre andre motstandsfolk over til Shetland, men skøyta kom aldri fordi den gjekk ned saman med fleire andre båtar under eit frykteleg uver i Nordsjøen. Sønsteby kom frå Oslo til Bryggja for å spore opp båten, og her fekk han høyre kva som hadde hendt. Opplysningane fekk han av presten Skram i Måløy, gjennom familien hans på Totland.

At det vart gjort passiv motstand har vi også eit godt døme på: Under Måløyraidet andre juledag 1941 var nok mannskap frå Bryggja beordra utover som forsterkningar. Då her ikkje var vegforbindelse på den tid, måtte ein nytte båt. Dr. Sveine hadde nok lukta lunta, so skyssbåten Teisten var gått over til Rugsund i legebesøk.
Einaste alternativet var då skøyta til Knut Åland. Han vart beordra å gå til Måløy med soldatar. Knut var ein roleg kar, han høyrde svært dårleg og dette spelte han på. Når dei endeleg var ombord var det uråd for han å få starta motoren og det vart fortalt at han med gevermunninga i ryggen skrudde ned motoren og plassete delane oppe på lukekarmen.

Dei tyske forlegningane hadde stort behov for brensel, og tok seg til rettes med vedhogst fleire stadar. Dei snauhogg store felt bl.a. i Maurstadberget, Gosloka ved Movassbrua og eit stort område i Høgelida, dette vart seinare kalla Tyskesnøyda.
I alle fall dei tre siste vintrane av krigen vart dette arbeidet utført av Russiske krigsfangar under umenneskelege forhold, med elendige kler og sko i vinterkulda og for oss utenkelege buforhold i kjellaren i skulehuset og Bygdatun. Desse fangane var truleg henta inn frå fangeleiren i Vemmålsvik i Almenning.

I Ervik på Stadt var det òg fangeleir, og på Nave dukka det opp ein rømling derifrå. Der fekk han hjelp og heldt seg i skjul, var borte ei tid, men kom tilbake og oppheldt seg der, truleg i fleire veker. Ein annan rømd fange skal ei tid ha opphalde seg på ei sæter i Rimstaddalen. Kvar desse fangane vart av , veit ingen.
Når denne rømlingen på Nave kom fram so folk kunne sjå han, kamuflerte han seg med ein sid, svart regnfrakk som ein av karfolka på Nave åtte. Hadde tyskarane fått kloa i han kunne det gått riktig ille, for frakken var merka med eigaren sitt namn.

Også lokale motstandsfolk, mellom anna folk frå Silda som deltok i våpentransport, som tyskarane var på jakt etter vart haldne i skjul i Rimstaddalen og kanskje òg på Nave.

På denne tida var Bryggja ein del av Davik herad, og der var Alf Rosenlund lensmann.
Han snakka flytande tysk og var ein mann som hadde ordet i si makt. Han hadde mykje omgang med tyskarane, og var nok ein god meklar og problemløysar mellom lokalbefolkninga og okkupasjonsmakta. Etter kvart kom han med i heimefrontarbeidet, og levde soleis eit dobbeltliv. Mot slutten av krigen oppdaga tyskarane dette og ville slå kloa i han, men då var gruppa han tilhøyrde gått i dekning i Yksneelvfjella, og han kom seg seinare over til England.
Etter at Rosenlund var gått i dekning vart Knut A. Nore, som var N. S.- medlem, innsett i embetet og fungerte som lensmann resten av krigen.

Bataljonsstaben for dei tyske styrkane i Nordfjord var plassert i Måløy. Etter kvart som den tyske krigsmakta kom på vikande front følte dei seg nok utrygge her, og hausten 1944 flytte staben til Bryggja. Mannskapsstyrken vart auka, ytterlegare to kanoner vart sett opp og vakthaldet styrka utan at dette fekk større konsekvensar for bygda vår dei siste månadane av krigen.

Kjelder:
Muntlege utsegn frå eldre personar i bygda.
Arnfinn Haga: “Skugger over utvær.”
Arnfinn Moland: “Gunnar Sønsteby - 24 kapitler i Kjakans liv.”
Kjell Ragnar Berge m. fl.: Krigsår - Liv og lagnad i Sogn og Fjordane 1940 - 1945.

Artikkelen er korrigert i samsvar med kommentar frå Joar Eikås:
“ I fylgje far min - Olav Eikås - transporterte “ Finnmarken” norske soldatar til Sandane den 9. April - han var ein av mange som var med. Båten gjekk innom mange stader inn over Nordfjord og tok ombord norske soldatar. Frå Sandane reiste dei med bilar til Vadheim der dei gjekk ombord i enno ein båt som førde dei til Gudvangen. Der i frå gjekk turen så til Voss der dei vart utstyrte med det vesle som fanst av krigsmateriell. Frå Voss vart dei transporterte med tog til Gol for der å bli transporterte vidare til Begndalen i Valdres. Der møtte dei tyske tropper og deltok der i det fyrste større slaget på norsk jord i 1940.”

- Harald Maurstad -

--------------------------------------

tilleggsinformasjon frå Sverre M.Dystad 2.sept 2021

Det gjeld Gunnar Sønsteby som var på Bryggja.

Det står at Gunnar Sønsteby fekk informasjon frå slekningar til presten Skram, på Totland, om at båten som skulle hente flyktningane var gått ned.

Den kjende båten som forliste i den stormen, var “Blia”. Den gjekk frå Øklandshamn på Bømlo, og var på veg til Shetland, og forliste truleg 13. november, med 44 personer ombord.

Den var såleis langt sør for leia mellom Vetvika – Shetland.

Det var ingen som visste omgåande at “Blia” var gått ned, for der var ikkje radiosamband ombord. Men det viste seg i ettertid at båten ikkje kom tilbake til Shetland, derfor var der grunn til å tru at den gjekk ned ein stad vest for Bømlo.

Vidare står der at Gunnar Sønsteby fekk informasjon frå slektninger til Skram, på Totland. Etter den informasjonen kan det vere grunn til å tru at Gunnar Sønsteby ikkje reiste til Bremanger.

Eg vil her gje nokre utfyllande opplysninger:

Gutane til Mons Silden på Silda henta dei 7 flyktningane på Bryggja, og førde dei til Vetvika. Flyktningane låg i telt i Vetvika og venta på båten som skulle hente dei, Men på grunn av uværet drygde det med båtskyssen, og flyktningane drog då attende til Sverige.

Dagen etter at flyktningane reiste frå Vetvika, kom båten som skulle hente dei. Det var M/K “Erkna” som kom med fylgjande mannskap: Bård Grotle, Edvard Lexau, Mindor Berge, Nils Nipen og Andreas Alveberg.

Dei gjekk frå Shetland 27. november, og var tilbake på Shetland 01. desember 1941.

Med venleg helsing

Sverre Magne Dyrstad