Gamleskulane

Samanlikna med den gamle omgangsskulen som flytte frå hus til hus kringom i bygdene, var det eit stort framskritt når dei fyrste skulehusa vart bygde.
I bygda vår vart det i 1894 bygd skulehus både i Rimstad og Maurstad krins.

Skulehuset i Rimstad krins vart bygd oppe på Hauane på Rundshaug.
Huset hadde eit klasserom og eit kammers som lærarrom, og var utan kjellar. (Murane etter dette finn ein enno.)
I 1916 vart huset flytta ned til “Løkane.” Det vart oppattsett som det var, men no med kjellar under.

Det var 2-delt skule i krinsen bortsett frå eit par års tid då den var 3-delt. Småskulen heldt då til i eit privathus på Totland.
Det var smått om leikeplass ved skulen, og når so riksvegen vart lagd heilt inntil huset vart det opparbeidd plass oppe på svingane der Bryggja idrettslag no har sitt anlegg.

I 1963 vart bygda samla i ein skulekrins, og Rimstad skule vart nedlagd. Bygdefolket overtok huset, som i mange år vart nytta som forsamlingslokale for Rimstad/Totlandområdet.

Maurstad krins sitt fyrste skulehus vart bygd på Indre Nore.
Huset var ikkje stort, det hadde eit klasserom og eit lærarrom og eit lite loft. Det var kjeller undre huset, men den stod ubrukt heilt fram til 1919, då Maurstad ungdomslag fekk løyve til å innreie den til møte- og festlokale.
I krigsåra 1940 til 1945 vart skulehuset overteke av tyskarane og brukt som kaserne for både soldatar og russiske krigsfangar. I desse åra måtte alle klassene på bygda.
Skulen vart 3-delt i 1937 og 4-delt i 1942. Skulehuset var forlite, og i åra frå1937 til 1953 måtte småskulen gå på omgang i private hus i bygda.
Dette førde til at planene om nytt skulehus vart realisert, og hus og leikeplass stod ferdig og vart teke i bruk hausten 1953.
Det gamle skulehuset var i kommuna si eige, også etter kommunesamanslåinga,og vart i mange år nytta som lager og depot for heimevernet.
Skuletomta med påståande hus er no kjøpt tilbake til bruket som det eingong gjekk ut frå.

Kjelder: Jubileumsskriv Vågsøy lærerlag.( P. P. Midthjell og Eirik Runshaug.)

- Harald Maurstad.

Rimstad skule 1950
Maurstad gamle skule 2004.Foto: H. Maurstad