Maurstad Gamle Bru, historie og vedlikehald

    Maurstad Gamle Bru, juni 2018. Foto: Randi Husevåg
Maurstad Gamle Bru, juni 2018.Foto: Randi Husevåg

Sangen "Ved Maurstad gamle bru"

Maurstad Gamle bru er no gjenreist. Stolt og vakker, og med ny sterk kvelving helsar brua oss velkomne. Under brua susar elva sin eldgamle song, men nye glade tonar høyrest der ho målbevist og brusande finn den kjende vegen sin ut mot havet.

Vi skal la tankane vandre langt attende i tid, og stoppe opp ved historia til dette vakre kulturminnet som bygda vår eig.

Brua er mykje over hundre år gamal; den vart bygd i ca. 1867 - 70.
Ein kan tenkje seg kor mykje denne brua betydde for folket her, då dei frå gamalt av berre hadde "Lisjebruna" - ei lita trebru lenger oppe. På ein stad til var det råd å kome seg over Maurstad-elva, det var på "Bykset", lenger nede mot sjøen. Elles var folk frå tidlegare tider vane med robåt og ferdsel på sjøen. Men - no byrja ein ny epoke.

Køyrevegen Bryggja - Åheim over Maurstadeidet var ferdig i 1866. Vegen var ein lekk i eit ytre hovudvegsamband, og gjorde sitt til at det no var aktuelt å bygge ny bru over Maurstad-elva. Ein fekk her god tilkomst til riksvegen, både nordover og utover til "Gamle-Bryggja".
Brua ser ut til - heilt og fullt - å ha vore kosta av bygdafolket.
Gamle dokument viser at nokre oppsitjarar på Maurstad i mars 1867 sende søknad til Davik kommune om midlar til "Opførelse av en Bro". Søknaden vart samrøystes avslegen. Det er heller ikkje funne dokumentasjon på at fylket (amtet) ytte pengar til dette prosjektet.

Harald Olsen Maurstad sto for bygginga, og han hadde med seg folk både frå Bakken og Maurstad. Han hadde liggande material som skulle nyttast til ny låvebygning, og denne materialen vart no teken og brukt som forskaling til brua. Under bygginga vart bogen laga for flat, brua datt ned og mykje av materialen vart øydelagd.
Det gjekk likevel ikkje lenge før dei prøvde igjen, og no vart brua ståande.
Vedlikehaldsplikta for heile vegstrekninga - også over Solibakke og Indre Nore fram til riksvegen, var tillagd garden Maurstad (no gardsnr. 177 i Vågsøy).

Maurstad-brua vart etter kvart mykje brukt. Bygdevegen gjennom Maurstad-grenda (òg kalla Maurstadvegen) vart med tida ein del av vegen vidare innover langs fjorden, og ferdsla auka. Brua hadde òg betydning for nabobygda Lefdal.

I 1910 fekk Bryggja eige postbod - Waldemar Totland. Han hadde den lokale postføringa til Lefdalsbygda, som då gjekk over fjellet mellom Maurstad og Lefdalsbakkane. Brua med tilkomstvegar var då ein lekk i denne postvegen.

I 1938 blei det bygd ny veg og ny bru nærare sjøen, men folk nytta framleis den gamle trasèen. Så lenge det gamle skulehuset var i bruk var brua òg nytta som skuleveg for borna på Maurstad. Den nye skulen på Maurstad blei teken i bruk i 1953.

Den første skaden fekk brua før siste verdenskrig. Under isløysinga om våren bygde det seg opp ei demning av is ved brua, så høg at den låg oppe på vegen på Maurstad-sida. Folk på Maurstad såg dette, og var redde for at dei tunge ismassane skulle øydelegge brua. Dei gjekk vakt ei natt, og hadde laga ferdig to dynamittladningar for å sprenge isen - dersom dette skulle bli naudsynt. Heldigvis løyste ismassane seg opp, men bogen fekk likevel ein synleg knekk. Den igjenlevande som hugsar lengst tilbake er Nils Heggheim, og han stadfestar denne hendinga.

Under krigen 1940 - 45 måtte den gamle steinbrua tole mykje tung trafikk, og etter kvart vart knekken i bogen tydelegare , og den begynte å sige.

Åra gjekk - det var færre og færre som fann vegen til "Gamle-brua". Derfor vart fotspora utviska, og vegen grodde litt etter litt igjen. Men - brua sto der, einsam og halvgløymd.

Folk i bygda hadde lenge sett at eit omfattande restaureringsarbeid var naudsynt for å berge brua. Kulturvernutvalet i Vågsøy kommune tok initiativ til å kome i gang med dette.
Fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane vart kontakta, likeeins Statens Vegvesen, Sogn og Fjordane Vegkontor.

12.01.84 var arkitekt Elin Thorsnes frå Riksantikvaren for Vestlandet på synfaring ved brua. Tilstades var òg Harald Maurstad som grunneigar og Kristian Maurstad som leiar i Kulturvernutvalet i Vågsøy kommune.
Arkitekten såg svært positivt på å få sett i stand brua. I rapporten står det mellom anna: Broen og tilkomstveiene mellom det gamle skolehuset ved riksvei 61 og gården Maurstad ved riksvei 15 har stor verneverdi som historiefortellande element. Broen har dessuten stor egenverdi som en typisk eksponent for tidens konstruksjonsmetoder.

Maurstad Ungdomslag tok opp tanken om å skipe eit vernelag for brua, og dei sende skriv til alle husstandane i bygda ang. dette.

Sommaren 1984 var òg folk fra Vegkontoret i Sogn og Fjordane på synfaring. Ein rapport v/Rasmus Værn datert 18. september same året konkluderer med at ein nok må ta ned brukvelvingen og setje den opp på ny, og at finansieringa må kome frå fleire kjelder.

Same hausten var Vernelaget for Maurstad gamle bru ein realitet. Styret i Vernelaget hadde konstituerande møte 8. oktober 1984. Det var samansett av 5 medlemer, og Alfred Solibakke vart vald til leiar. Det var eit optimistisk styre som la planar for arbeidet med restaureringa av brua. Søknad om midlar vart sendt til Vågsøy kulturvernutval , og til fylket.

Dei første pengane som kom inn på bankkontoen til Maurstad gamle bru stamma frå sal av songen om Maurstad Gamle bru som er skriven av Rigmor Navekvien, og som Arne Owesen har laga melodi til. Songen blei den gong seld for kr. 10.- pr. stk., og blei første gong framførd på Husmorlaget sin basar i bygda.
Sjølv om beløpet var symbolsk, var det i alle fall ein start.

Songen finn ein i dag på CD. Det er Grim Leivdal og Arild Nyheim som har spela inn denne, der dei har laga melodiar til Rigmor Navekvien si diktsamling - "Før min sommar er forbi".
Sangen: Ved Maurstad Gamle Bru

Natt til 11. oktober 1984 skjedde det - den gamle brua rasa saman.
Utan å spørje om lov tok naturkreftene seg til rette - brutalt og utan hensyn. Berre restane sto igjen - og tala sitt eige språk.
Ei underleg kjensle fyller oss når ein slik ting som ei bru er borte. Eit band er slitna - brått og uventa er ein komen til vegs ende. Den andre sida synest langt borte.

All steinen som rasa i elva vart berga på land på dugnad.
Interessa for brua blei større, og Vernelaget arbeidde vidare med å få til ei finansieringsplan - og elles skape blest om prosjektet.
Ein såg det som viktig å få offentlege instansar med. Kristian Maurstad hadde kontakt med Vegkontoret i Sogn og Fjordane, og det vart nye synfaringar. Det var også arrangert dugnad med å sortere stein.

Åra gjekk - det såg ut som om planane angåande brua var lagde på is. Men Vernelaget var likevel optimistar. Det kom inn midlar på kontoen frå kommune, fylkeskommune og frå andre bidragsytarar.
I referat frå møte 28.10.96 gjekk det fram at teikningane låg i Bruavdelinga i Oslo. P.g.a. sjukdom hadde dei ikkje blitt sende til Vernelaget.
Same hausten sa fleire av det gamle styret frå seg gjenval, og nye kom inn. Kristian Maurstad var leiar ei kort tid, men sa ifrå seg p.g.a. sjukdom.

På møte 20.08.98 vart Jofrid Maurstad Endal vald som leiar. Det vart no ein ny runde med undersøkingar. Vegkontoret i Sogn og Fjordane v/Per Birger Lomheim blei kontakta, og vi fekk avklara at dette var eit prosjekt Vernelaget måtte stå for utan hjelp frå dei. Statens Vegvesen har mange verna kvelvingsbruer, og det var såleis ikkje behov for fleire.

Det blei igjen søkt om kulturvernmidlar frå Vågsøy kommune og frå fylkeskommunen. I 1999/2000 fekk vernelaget tilsaman kr. 72.000.- i kulturvernmidlar, og Husmorlaget i bygda ga i tillegg kr. 5.000.-.
Det hadde i løpet av desse åra blitt mykje rente av pengane som sto på konto; til saman utgjorde rentene over kr. 150.000.- Vi hadde no midlar til å begynne med gjenreisinga av brua.
Våren 1999 blei tilkomstvegen på Maurstad-sida rusta opp, slik at bilar og maskiner kunne kome fram til brua. Arbeidet vart lyst ut på anbod, men det var berre Norsk Bygg og Innredning A/S som melde seg. Kontrakta vart underteikna i mai 2000, og arbeidet tok til denne sommaren. Den nye kvelvingbrua sto ferdig hausten 2000. Den framstår i dag som ein tru kopi av den opprinnelege, med ubearbeidd stein i dagen. Berre stein frå gamle-brua er nytta til oppattbygginga, men i dag har den ei kjerne av armert betong.

Mange har på ulike måtar vore med og arbeidd med dette prosjektet heile tida, men det blir for mykje å nemne alle. Tre personar vil eg likevel trekke fram: Harald Brobakke som hadde oppsynet med arbeidet, likeeins Jan Brobakke og Ansgar Myklebust i Norsk Bygg og Innredning A/S. Dei sto for forskaling, armering og betongarbeid.

Murararbeidet blei i hovedsak utført på dugnad. Gutane i Vernelaget la ned mange dagsverk i dette arbeidet.

At dugnadsviljen er sterk har òg vist seg no i tida før opninga av brua.
Elles registrerer vi med glede at fleire og fleire finn igjen vegane og stiane som fører til Maurstad Gamle bru.
Dette fekk vi eit døme på under re-opninga av brua den 19.05.2001, då omkring 300 menneske møtte fram.

Innbyding var sendt ut til alle husstandane i bygda. Re-opninga fekk god mediadekning.

Flagga vaia i vårvinden, og det kvilte ei eiga høgtid over bygda. Frammøtet var betre enn Vernelaget torde håpe på.

Leiaren for Oppvekst- og kulturutvalet i Vågsøy kommune, Reiel Fagerlid klypte snora og avduka minneplata med faktaopplysnigar om brua. Skulemusikken spela, men resten av arrangementet måtte flyttast til låven til Harald Maurstad pga. dårleg ver. Ikkje alle kom inn, men med godt høgtalaranlegg fekk dei fleste med seg det som skjedde.

Programmet var samansett av lokale aktørar, alle av høg kvalitet (sangkor, musikkorps, dansegruppe, og spelemannslag).

Leiaren i Vernelaget, Jofrid Maurstad Endal overrekte blomar til Norsk Bygg og Innredning A/S ved Bryggja-gutane Jan Brobakke og Ansgar Myklebust som hadde hovedansvar for prosjektet. Ho overrekte også blomar til Reiel Fagerlid med takk til Vågsøy kommune for økonomisk støtte.

Per Birger Lomheim, som representerte Statens Vegvesen, Sogn og Fjordane og Norsk Vegmuseum overrekte Årbok for Norsk vegmuseum til Jofrid Maurstad Endal, og framførte eit stev som takk.
Likeeins vanka det blomar frå dei andre medlemene i Vernelaget og frå Vågsøy kommune med takk for stor innsats og godt arbeid med prosjektet.

Det vart deretter duka til rømegraut og spekemat, kaffi og kaker på låven.
Eit lite lokalt spelemannslag spelte opp til dans, og stemninga var høg heile kvelden og utover natta. Alle svinga seg på låvegolvet som var utrusta med nyinnkjøpt vinylbelegg.

Denne festen har fått stor merksemd både her i bygda og bygdene omkring. Låvedans er eit kulturinnslag i seg sjølv, og det er tydeleg at dette var noko både unge og gamle sette pris på.

Djupt i folkesjela er det noko som seier oss at i fortida ligg framtida gøymt.
Mange ting har endra seg sidan brubygginga i 1867. Men ein ting som alltid er like viktig, er å bygge bruer, bruer over elvar og fjordar, og bruer mellom menneske.

Rigmor Navekvien

Gamalt bilde av brua før den rasa ned frå ca år 1983
Maurstad Gamle Bru, juni 2018.Foto: Randi Husevåg