Informasjonstavler og Serviceskilt

Informasjonstavler:

Styret i Bryggja Utviklingslag arbeider no med å få 3 informasjonstavler på Bryggja. Vi ser det naturleg at våre bygdetavler står saman med informasjonstavler for heile Vågsøy Kommune på dei to innfartsvegane vi grenser mot.

Desse bør settast opp ved gamle Olivin på Maurstad, ved Totland og på Nave. Søknaden m/skisse er sendt til Vågsøy kommune den 21. oktober 2004.

Serviceskilt:

Styret arbeider med å få sett opp serviceskilt på Bryggja. Søknaden m/skisse er sendt til Vågsøy kommune den 21.oktober 2004.

Desse skilta er søkt om:

  • Ved avkøyrsla til Bryggja, i retning frå Nordfjordeid (vegkrysset ved Grendahuset): Post / Bank, Daglegvare, Hagesenter.
  • Ved avkøyrsla til Bryggja/Sentrum, i retning frå Måløy(før tunnelen på kommunal bygdeveg): Post / Bank, Daglegvare, Hagesenter.
  • På Totland, ved noverande skilting mot Fjordly: Søholmen friluftsområde
  • På Maurstad, ved avkøyrsla til Øvre Maurstad: Maurstad Gamle Bru 300 m