Familiedag og fastelavenskafè i Bryggja Grendahus den 2.mars
Skrive av: Randi Husevåg, 03. Mar 2025
Saniteten og idrettslaget arrangerte familiedag ilag i grendahuset. Fin dag der mykje vaksne og barn tok turen innom. Det var fastelavenskafè med mykje god mat vart seldt. Lykkehjul var suksess med mange barn som prøvde lykken.
Idrettslaget hadde mykje aktivitet for barn i storsalen. Kari hadde tabata for vaksne, og fleire deltok. Cecilie Solibakke delte til slutt ut fine premier for Bryggja trimpoeng trimmen som var frå mai til oktober.