Reportasje frå Fjordabladet "Populær salsmesse" i Bryggja Grendahus, 28.-29.oktober 2023

Skrive av: etter løyve frå Fjordabladet v/Per Ole Lefdalsnes, 30. Oct 2023

Populær salsmesse

I helga kunne Bryggja Grendahus opne dørene for den 27. salsmessa.

foto
AKVARELLAR: Alfred Solibakke med bilde frå naustrekkja i Maurstadvika. Han bur på Maurstad og er akvarellmålar. Motiva hans er varierte og mest frå nærmiljøet. FOTO: ANNE MARIE RUUD

Per Ole Lefdalsnes

Det har vore salsmesse på Bryggja årleg sidan 1996, bortsett frå i koronaåret. Messa har i alle år vore noko både utstillarar, publikum og arrangør ser fram til.

Stort apparat

Det er styret i grendahuset som står som arrangør av messa, og i alt er eit tjuetal personar i sving for at messa skal kunne gå knirkefritt både laurdag og søndag.

Styreleiar i Bryggja Grendahus, Marie Kristine Kroken, er svært nøgd med årets salsmesse. Ho opplyser at det er 23 utstillarar som betalar 250 kroner per dag for ei salsbu. Dei kjem både frå «nær og fjern» og frå Bryggja er det 4 med salsbu. Dei fleste kjem igjen år etter år, men Marie Kristine gler seg over at det i år er fleire nye. Ho reknar med ei nettoinntekt på 40–50.000 kroner dei to dagane.

foto
MESSELEIAREN: I år er det Marie Kristine Kroken som bur på Maurstad, som er leiar for messegjengen. FOTO: ANNE MARIE RUUD

I tillegg til leige av salsbu kjem inntekter frå inngangspengar, matsal og loddsal med om lag 10.000 kroner. Ein kan både få seg middag og nyte kaffi og kaker. Så ingen treng å gå svoltne heim frå grendahuset på Bryggja denne helga.

Mange kjem og for å ete klubb. Den vert servert med kålrot, pølse og bacon i midten. Som tilhøyr kan gjestane velje lett rømme, sukker eller sirup. Elles såg det ut til at handelen i salsbuene gjekk strykande. I buene finn ein alt frå sylteflesk til akvarellar.

foto
BRUKTE FINKLEDE: Sigve Træen Årskog (17) sel eit stort utval av pent brukte klede, mellom anna kjolar og genserar. Han er på bryggjamessa for første gong, men har hatt messesal på Nordfjordeid før. FOTO: ANNE MARIE RUUD

Drift av grendahuset kostar

– Vi reknar med at rundt 300 vil finne vegen til grendahuset i løpet av helga, slår ei nøgd Marie Kristine fast.

Det går med ein god del pengar til drifta av grendahuset. No står utskifting av lysarmaturen i gymsalen for tur. Dessutan må huset målast utvendig snart. I koronaåret 2020 måtte dei tære på oppsparte midlar, og kom seg såleis bra gjennom covid-19 året. Matsalen og storsalen er pussa opp dei siste åra.

foto
PYNTEGJENSTANDAR: Anita Rovde og mannen Bjørnar Sundgot frå Ulsteinvik brukar mykje av tida si på hobbyarbeid. Dei sel ting frå ulike lykter til termometer på dekorerte skiferheller. FOTO: ANNE MARIE RUUD
foto
KJØKENGJENGEN: Dei som står for serveringa av klubb er f.v. Eivind Kupen, Kari Solheim og Simon Garshol. Klubben blei laga av Dagny Nave og Arne Giil. Dei starta arbeidet klokka åtte om morgonen. FOTO: ANNE MARIE RUUD
foto
DUFTPRODUKT: Thyra Koers er frå Fiskåbygd og sel ulike duftprodukt, duftpinnar og lys som ho har importert frå Spania. FOTO: ANNE MARIE RUUD
foto
HOBBYARTIKLAR: Siv Mari Englund Smørdal og mannen Børre Smørdal frå Nordfjordeid har eit rikt utval av flotte gåveartiklar. Ho har dessutan eit stort utval av saumarbeid. Ho sel og symaskinar og held bunadskurs. FOTO: ANNE MARIE RUUD
foto
SYLTEFLESK OG FÅRERULL: Kjell Humborstad driv eigen produksjon av kjøttvarer i Kjølsdalen. No er det hovudsesong for julevarer. Elles i året køyrer han faste salsruter i Fjordane og på Møre. Han har mange faste kundar. FOTO: ANNE MARIE RUUD
foto
EIGENPRODUSERTE STRIKKEVARER: Annette Haugen Soltveit lagar mellom anna lestar, tøflar, panneband, huer og nattsokkar. Ho bur i Knarvik nord for Bergen, men er fødd og oppvaksen på Skårhaug. FOTO: ANNE MARIE RUUD
foto
HEFTIG LODDSAL: Ida Kassen står for loddsal med fine gevinstar. Ho reknar med ei nettoinntekt på 10.000 kroner. FOTO: ANNE MARIE RUUD
foto
LEFSER OG NATRONKAKER: Bjørg Ingebrigtsen er aktiv på messer over heile Sør-Noreg. Ho sel og glutenfrie bakarvarer. Dette er 16. gongen ho er på messe i heimbygda. FOTO: ANNE MARIE RUUD
foto
ROMANTISKE MOTIV: Randi Nordheim frå Måløy likar best å måle blomster og ho er svært fargeglad. FOTO: ANNE MARIE RUUD
foto
BRITO SPEKEMAT: Odd Birger Jensen frå Nordmøre sel både spekepølser, syltetøy, honning og annan spekemat. Han fortel at han har heile 330 reisedagar i året. Kona køyrer i tillegg si eiga salsrute. FOTO: ANNE MARIE RUUD