Reportasje frå Hei og Hå 4H sin haustfest i Fjordabladet 7.nov 2023

Skrive av: henta frå Fjordabladet, 06. Dec 2023

Bygda møtte opp på 4H-festen

Søndag gjekk den årlege haustfesten til Hei og Hå 4H av stabelen. Frammøtet var som vanleg godt.

PROSJEKT KYR: Mia Linnea Roseth Fagerli hadde valt fakta om kyr som sitt prosjekt. FOTO: ANNE MARIE RUUD

Per Ole Lefdalsnes

Oppdatert: tirsdag 7. november 2023 kl. 11:16

4H-arane viste fram prosjekta sine. I alt var det 28 prosjekt i år. Fleire hadde valt friluftsliv og fotografering, men også andre tema. Sjølvlaga underhaldning var dessutan ein viktig del av haustfesten. Så var det sjølvsagt matøkt med velsmakande heimelaga kaker, kaffi og brus.

Meir og meir folk

Rådgjevar A, Nina Brobakke Midtbø, fortel at 4H står sterkt i bygda. Foreldra støttar veldig aktivt opp om arbeidet, og både foreldre, sysken og besteforeldre møtte talrikt fram på festen. Over tid har det faktisk kome meir og meir folk på haustfesten.

Dei frammøtte kunne beundre prosjekta til sine håpefulle, og sjå dei boltre seg på scena både i dans og skodespel. Praten mellom sambygdingane og kaffikosen var sjølvsagt og viktig. Loddsal og åresal høyrer med for å skaffe inntekter til klubben.

FULL FESTSAL: Sysken, foreldre og besteforeldre til 4H-arane kosa seg stort på haustfesten. FOTO: ANNE MARIE RUUD

Godt aktivitetsår

4H-arane fortalde at dei hadde vore med på mykje interessant i 2023. Draumeplassen ved Lefdalsvatnet har vore mykje nytta. Filmkveld på Bakerie har det vore, bowlingkveldar med pizza, volleyball og fjellturar med Troda 4H. Krokpollen har dei og besøkt. Høgdepunktet i år var turen til Bergen med skuta Loyal.

Det er attraktivt å vere med i 4H på Bryggja med det gode miljøet det er i klubben.

HEILE GJENGEN: Samla på scena etter utdeling av blomar, merke og plakettar. FOTO: ANNE MARIE RUUD

Variert underhaldning

Alle 4H-arane var i større eller mindre grad på scena i denne delen av programmet. Det var fleire sketsjar med gode poeng, som mora tilhøyrarane godt.

Det var både matlaging med «Hellstrøm», hjortejakt, skadedyrjakt og billettproblem på bussen mellom anna.

AKTIVE DANSARAR: Aktivt og friskt song- og dansenummer. FOTO: ANNE MARIE RUUD

Det var også song- og danseinnslag. Kristine Madelen Midtbø (13) imponerte stort med sitt songnummer.

FRILUFTSLIV: Kristina Madelen Midtbø er glad i båt og oppteken av å halde havet reint. Ho imponerte elles med solosong som sluttnummer på underhaldninga. FOTO: ANNE MARIE RUUD

Kjempetur med galeas

Hei og Hå 4H var så heldige å få 40.000 kroner frå Ildsjelfondet til galeasen Loyal. Den er verdas eldste seglande seglskute frå 1877.

Ein spent og eventyrlysten gjeng på 16, pluss mannskap, mønstra på i Måløy 27. mai.

Sjøsjuka melde seg alt i Frøysjøen i moderat mengd. Sidan gjekk turen stort sett i roleg farvatn. Etter overnatting i Skjerjehamn, gjekk turen vidare i pøsande regnvêr, vind og tung sjø.


GALEASEN LOYAL: Hei og Hå 4H hadde ei uvanleg stor oppleving på turen med galeasen Loyal til Bergen.FOTO: PRIVAT

4H-arane let seg ikkje skremme av litt dårleg vêr, men storkosa seg med god mat, kortspel og avslapping. Dei kom til Bergen ut på ettermiddagen i tjukk skodde og regn.

Alle var samde om at det hadde vore ein tur med gode erfaringar og opplevingar. Kontrasten var stor då dei returnerte til Måløy med hurtigbåt. Ein tur som tok berre nokre få timar.

Medaljar og plakettar

Alle 4H-arane fekk blomster, aspirantane fekk sine medaljar. Andre fekk bronse- og sølvmerke. Den aller gjævaste utmerkinga i 4H-systemet var det to som fekk etter å ha gått heile løpet i 4H i 9 år. Dei har mellom anna levert 24 prosjekt.



FEKK HØGASTE UTMERKINGA: Eline Totland og Tormod Bleie fekk plakett og går no ut av 4H. Aspirant i forgrunnen.FOTO: ANNE MARIE RUUD

Det var 18-åringane Eline Totland og Tormod Bleie, som takkar av frå klubben etter solid innsats gjennom alle desse åra.

SJØ- OG BÅTLIV: Eirik og Audun Åland Sandviknes, saman med brørne Håkon og Sigve, hadde valt eit maritimt prosjekt. Familien kjøpte båt i sommar, så det blei mykte aktivt sjøliv. FOTO: ANNE MARIE RUUD

BÅTFØRARPRØVA: Godt å ha, meiner Jonas Hessevik. Han har eigen båt og driv litt med fiske. FOTO: ANNE MARIE RUUD

4H-LEIINGA: Frida Kvalheim er leiar og Petter Totland er nestleiar i Hei og Hå 4H på Bryggja. FOTO: ANNE MARIE RUUD



4H-LEIAR: Rådgjevar A, Nina Brobakke Midtbø er svært sentral i Hei og Hå 4H på Bryggja. FOTO: ANNE MARIE RUUD

EGG OG HØNER: Mathilde Solibakke Hessevik får 6–7 egg per dag av sju høner. Dessutan har ho ein hane. FOTO: ANNE MARIE RUUD


VHF OG GODT SJØMANNSKAP: Amund Bleie tykkjer det er viktig å ha gode kunnskapar om sjøliv, særleg viss problem oppstår. FOTO: ANNE MARIE RUUD


SKADEDYRJAKT: Ein av sketsjane dreia seg om skadedyrjakt. FOTO: ANNE MARIE RUUD