Utviklingslaget på synfaring i Stardalen

Skrive av: R. Husevåg, 14. Aug 2005

Søndag den 14. august 2005

Takk til jordbruksjef Oddmund Klakegg som synte oss korleis Stardalen utviklingslag har arbeidd med prosjektet "Rydding av kulturlandskapet".

Sidan vi på Bryggja har søkt kommuna om å vere med i prosjektet "Utsiktsrydding" frå hausten av så var det fint med ei orientering. Han forklarte korleis dei starta prosjektet og gjennomføringa. Det er 4 ungdomar i alderen 17 til 26 år som har arbeidd i sommar med saging og rydding av skog mot elv og sikt langs vegen.
Stardalen utviklingslag har også eit bygdetun. Der har dei kafè og barnehage. I Stardalen har dei rafting og elva som drar mykje turisme.

Les meir om Jølster Rafting
Les meir om Stardalen Hyttegrend

Dei tynner skog og kvister opp stammer. Stubbebehandling er nødvendig for å hindre ettervekst.
Vanskeleg og bratt terreng mot elva. Her måtte dei bruke tau.