Bryggja Bondelag er avvikla

Hjorteoppdrett på Nave

Skrive av: Oddfrid Vereide, 25. Feb 2013

Åtte årsgamle hjortekalvar går i eitt med småskogen ned mot Navevatnet.Når dei held seg i ro er det vanskeleg å få auge på dei. "Ein dag trudde eg dei hadde forsvunne og lett panisk tok eg til å sjå om det var hol i gjerde" ler Kai Nave som er meir enn middels interessert i desse grasiøse dyra, og har satsa på oppdrett av hjort på Nave.

Hjort i oppdrett er husdyr som treng tilsyn og foring. Anette Agledal og Kai Nave går no to turar for dag for å fore og gjere seg kjende med dyra.
Eit beite til hjort blir kalla ei hegn. Det er planlagt fire hegn med foringsplassar, og to og ein halv meter høgt gjerde rundt.
Desse kjem frå eit oppdrett i Lærdal og har funne seg godt til rette i fint hjorteterreng på Nave.
Kraftforet er spesiallaga til hjort av Felleskjøpet. Det inneheld ekstra kopar. Koparmangel kan vere eit problem i oppdrett.
Bukken kjem litt seinare. Han har alt fått namnet Oskar og til neste vår er det håp om småkalvar.
I enkelte andre land er hjorteoppdrett ei stor næring. Rundt om i Norge er det etablert ca. 75 oppdrett som driv både kjøtproduksjon og er ein del av opplevingsturisme.
Bryggja Bondelag er svært positive til at det blir starta opp næringsretta aktivitet knytta til gardsbruk i bygda. Vi ynskjer lukke til vidare med eit nytt og spennande husdyrhold.