Tusen takk for eit flott idémøte! 💡🙌
Kjempebra oppmøte og mange gode innspel – takk til alle som kom og delte tankar for framtida til Bryggja!
No legg vi ut ordskyene og Padlet‑innspela frå møtet her 👇
Alle idéane blir tekne med vidare til neste møte, men kva som blir jobba vidare med etter det møtet kjem heilt anpå kven som kjem og kva folk engasjera seg for. Så om du engasjere deg for noko og ynskjer det skal bli noko av - kom på oppfølgingsmøtet😃🙌 Du treng ikkje å ha vert med på første møtet for å delta på det🤩 Oversikt ligg ved her og blir delt på https://bryggja.no/
👉 Hugs oppfølgingsmøtet 28. januar kl. 19.30 i grendahuset! https://bryggja.no/organisasjo...
Då samlar vi folk med felles interesser og startar arbeidet med konkrete prosjekt.
Vi har oppsummert idèane i ei ny "tavle", skann QR-koden for å komme inn på denne oppsummeringa eller zoom på bildet. Den vert utgangspunktet til neste møte.
Link arrangement:
Takk for ein inspirerande kveld! 🌟
Bryggja utviklingslag
Her er ordskyene og Padlet‑innspela.



Her er idèar til aktivitetar, prosjekt eller tiltak - både på kort og lengre sikt !

