Vi inviterte ein bonde frå Stadlandet som har god greie på å bake pizza! Han heiter Salvatore Ligia og er frå Sardinia i Italia. Han har baka pizza i mange år på restaurant i Hamburg og denne kvelden var det vi som var så heldige å få lære oss å lage pizza på ekte italiensk vis. Han showa i veg og var ein artig kar!
Klubben vår fekk også besøk av Vivian, som har vore medlem i klubben vår. Ho har nyleg vore på rundreise i Vietnam og ho lærte oss å lage ein vietnamesisk rett som smaka nydeleg. Vi åt godt og hadde ein triveleg kveld i lag!