Hei og Hå 4H

Kjekt i Krokpollen

Skrive av: Sigrid J Husevåg, 28. Aug 2012

Fredag 24. til laurdag 25. august slo vi i Hei og Hå 4H oss saman med Trekløveret 4H frå Kjølsdalen og arrangerte overnattingstur i Krokpollen.

Heile 40 medlemmar vart med på turen til Krokpollen der Magnus Willumsen tok oss godt imot. Alle fekk delta i aktivitetar som kajakkpadling, segling, fisking og liknande. Og stemninga var på topp sjølv om ikkje vêret nødvendigvis var det. Så vi kan med sikkerheit sei at helga vart ein suksess og håpar fleire tar seg turen til Krokpollen. 4h.no