Hei og Hå 4H

Nye fugleholkar ved Lefdalsvatnet

Skrive av: Oddfrid Vereide, 09. May 2013

Hei og Hå 4H har laga 13 nye fugleholkar som er hengde opp ved Lefdalsvatnet.

Hei og Hå 4H hengde opp fugleholkar rundt Lefdalsvatnet for snart 10 år sidan. Dette var eit av samarbeidsprosjekta med Bryggja Skule, og det var 5.-7.klasse ved skulen som laga holkane på sløyden. Kvart år har 4H-klubben hatt tilsyn med holkane, tømt dei for gamle reir og klargjort dei for ny sesong. 

No var mange i dårleg forfatning og enkelte har gått tilbake til naturen, så det var på tide med litt fornying.

Vi laga i alt 13 nye holkar
Taket skal kunne takast av for å sjå ned i holken
Botnen må tilpassast nøye
Holkane blir beisa godt
Litt leik og moro blir det alltid tid til
Fugleholken heng i to krokar og tau rundt trestammen
Littt klatring før den heng 1,5-2 meter over bakken
Desse holkane passar for små fuglar, som svartkvit flugesnappar
Klar for innflytting