Hei og Hå 4H

Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet

Skrive av: Sigrid J. Husevåg, 19. Aug 2018

Hei og Hå 4H og Bryggja Utviklingslag i samarbeid med stad2020 hadde søndag 19. august offesiell opning av den nye "draumeplassen" ved Lefdalsvatnet.

Det var kjempe liv ved Lefdalsvatnet i dag på opninga av Draumeplassen, og alle i Hei og Hå 4H vil takke både store og små som tok turen og feira opninga saman med oss. Det var eit fantastisk oppmøte av folk som ville være med oss å feire dagen med fiskekonkurranse, natursti, padling og om dei torde kanskje ein liten tur i ”skumleskogen”. Vi håper at ”Draumeplassen” framover kan vere til glede for alle som vil bruke den.