Styremøte 22. august 2012

Desse møtte:
Arne Husevåg, Annete Wiedestrøm, Glenn Sølvberg og Torill Nyheim Holvik

Sak 1 :
Lefdalsvatnet.
Framdrift i saka vert at Arne Husevåg hentar inn anbod frå entreprenørar. Når anbodet er klart søkjer vi etter midlar og lagar ei oversikt over prosjektet.

Sak 2 : Maurstadvika.
Ein arbeider aktivt med denne saka. Løyve er avklart både med Vågsøy kommune og grunneigar Ragnvald Holvik. Vi har fått munneleg anbod på arbeidet og dette må formaliserast. Planen er å setje i gang prosjektet i 2013.

Sak 3 : Arrangere fellesmøte.
Vi har fått signal om at ungdom i bygda har dårleg med aktivitetstilbod og opphaldsplassar på fritida si. Vi ynskjer å ha eit fellesmøte med lag og organisasjonar i bygda for å sjå om ein i samarbeid kan finne nokre gode løysingar. Fyrst må ungdomen få uttale seg om kva tilbod dei saknar og så får vi sjå om vi kan greie å gjere noko med det. Vi diskuterte eindel korleis vi skulle få ungdomen i tale og korleis vi skulle arrangere eit slikt møte, utan at det vart bestemt noko konkret.

Ref. Torill Nyheim Holvik