Den siste bjørnen

Sett på papiret av Lina Runshaug.

Den siste bjørnen som var på ferde her på desse kantar var i 1880 - 90 - åra. Det var i den nørdste marka i Rimstad - nærare bestemt Sammeltundalen som ligg som eit Noreg nørdst i grendom.Her er skog i gamal og ny tid. Den gamle skogen er under jorda,sjølvsagt. Dei driv og brenn kolmiler her, og ein gut - unge er sett til å passe mila. Men han er visst ikkje redd. Guttorm Sammeltun Rimstad heiter han, og han er no gått bort for lenge sidan. Han var berre 12 - 14 år gamal , den gongen, men gjorde godt arbeid, - dei laut tidleg til arbeids før i tida.
Blant skyttarane var han av dei beste. Utan å ta glansen frå dei andre, kan eg nemne skyttarkongen O. M. Totland , som og var med.
I bakkane gjekk sauene kvite og feite. Og der ned bakkane frå Flisterdalen kom bjørnen halande på ein sau etter labben.Karane hadde lagt ein slagplan for å felle bjørnen, og hadde den vorte fylgt av alle, hadde det nok klaffa godt.
Men det var ein kar som skaut før han skulle. Han trefte ikkje, og det heile gjekk i vasken. Det var ein sundag dette hende , og ein flokk bygdafolk hadde vore til Selje-kyrkja , då ein ikkje hadde kyrkje sjølv.
Dei sat oppe på Løypinga og kvilde, då bjørnen kom halsande i fullt jag. Det var som at han ikkje ansa folket ein gong. Han strauk forbi folket som gaula og skreik som om dei hadde misst vitet. Men bjørnen gjekk ikkje til noko slags angrep. Han for aust og nordetter, og straks kvarv han i Selje sitt område.
Garden Salt i Selje har sæter oppe ved Berstadvatnet. Dei sat og melka kyrne då bjørnen kom settande over sætrevollen. Men han gjorde ikkje ein katt fortred ( om der hadde vore ein katt då ).
Bjørnen var ikkje meir å sjå , han hadde vorte såra etter det fyrste skotet , og han hadde lagt seg til å døy. - Stakkars bamse !
Ein kan sjå meir på æra enn på eit langt liv, sa dei før i tida. Men den uheldige jegeren fekk ikkje mykje ære av skytinga. Han fekk slik kritikk at det grensa til forfylgjing.
Det vart laga både viser og vers om dette. - Dei sette til og med tone til.
Seinare utvandra han til Bergen.

( Denne historia sto i Fjordenes Tidende sitt julenr. 1977.)