Eksportvare

For nokre ti - år sidan, medan Ulvesund Formelfabrikk var i full drift,hadde mange frå Bryggja sin faste arbeidsplass der. Jostein Sølvberg leia bedrifta i mange år. Han gjekk ofte ein inspeksjonsrunde for å ha oversikt over produksjonen. Ein dag han gjekk runden, høvde det seg slik at nokre Bryggjaværingar hadde teke seg 5 - minutt, og på sekketiren sto det nokre flasker eksportøl som dei kosa seg med. Jostein såg strengt på dei og sa; "No må de gjere ein skikkeleg jobb, karar, for dette er varer for eksport". Då svara ein av karane: "Du kan vere heilt trygg, du ser vel at dette er gjort med eksport for auge". -

- Harald Maurstad -