Gamle - Johans

Gamle Johans var smed.Han budde i ei stove paa Berget. Han var fraa Levdal, budde ei tid paa Elde, der han hadde plass.Han var uppe i prosess med presten um nokre presterettar. Johans tapte saka.Saksutlegg og anna gjorde at han vart aldeles "nækt". Dei tok fraa han alt han aatte.Daa fekk han leige denne stova paa Berget, og vart verande der resten av tida. Han fødde ei kyr som dei slog aat i markane. Dottera hans, Johane, var hjaa han og stelte i huset. Han døydde i slutten av 70-aari.

Presteretten som han hadde drive sak um, vart sidan uppheva,so Johans hadde nok noko rett i det han streid for.

Johans var ein særmerkt kar paa mange maatar.Sjølvklok og snarsint - og hadde sine eigne meiningar um mange ting. Marimesseafta skulde dei leggja seg i dagsljos, daa skulde dei ikkje meir bruke kola. Dei helgedagane som ikkje var paa sundag var ikkje helg,sa han,Vaarherre hadde ikkje innstifta dei. - Daa fann han alltid paa eit storarbeid.Ein skjærtorsdag drog han uppi Maurstaddalen og veda.
Ein gut som var heime fraa Bergen hadde maske. Den tok han paa seg. I tillegg ein skinnfeld som han snudde det lodne ut paa. Han lurde seg upp der Johans heldt på aa lage til bør.Der fòr han og kraup i den høge einen,stakk hovudet upp ender og daa og fræste.Johans hadde faatt børa paa rygg , men daa han saag dette fæle,la han ho av seg og rusla heim att. Daa dei spurde kvifor han ikkje hadde bør med seg,sa han at i dag hadde han sett ting som han ikkje vilde fortelja stort um. - Børa vart liggjande til det vart yrke.