Havegg og Reidar

Havegg og Shetlandsfararen Reidar:

Mange hugsar nok fiskebåten Havegg og eigar og skipper Edvin Nore. Langt ferre veit om Reidar, og historia til denne båten.

Reidar år 1935; Eigar av foto: Arnvid E. Nore

Reidar var ein gamal trebåt på 45 fot som Anders Nore og Jetmund Maurstad åtte. Den hadde registreringsmerke S.F. 22 D. Omkring 1930 overtok Edvin Nore båten og dreiv i fleire år rekefiske i Nordsjøen, torskefiske i Bremanger og Lofotfiske.Så kom andre verdskrigen og sette ein brå stoppar for det fredelege fiskarlivet.

9. Mai 1940, på dagen ein månad etter krigsutbrotet, vart Edvin beden om å melde seg på kontoret til distriktslegen, Doktor Sveine.
Her vart han presentert for Chaworth Musters, ein engelskmann som var etterlyst av tysk politi. Musters var tilsett ved det Engelske Konsulat i Bergen, men var i røynda etterretningsagent. Han hadde med seg tre landsmenn som òg måtte ut av landet.
Edvin vart spurd om han ville føre dei over til Shetland.
Neste dag stemna Reidar vestover med fire engelskmenn ombord, forkledd som norske fiskarar.
Frans Bogdanof, ein finnmarking med russiske røter, var òg med. Han var dreng på garden til Edvin og mannskap på Reidar.
Kvelden etter, den 11 mai, var dei framme i Lerwick.

Edvin var ein framifrå navigatør og fyrste tida i alliert teneste var han los for den engelske marine og stasjonert på Shetland.
Seinare vart han stasjonert i Skottland, og her enda Reidar sine dagar i julehelga 1943, då den på hamna i Peeter Hd vart pårend og sokk.Etter dramatiske opplevingar i konvoifart resten av krigen kom Edvin heim og tok oppatt sitt gamle yrke som fiskar.

Havegg år 1960; Eigar Arnvid E. Nore


I 1947 kjøpte han Havegg, ein solid trebåt på 67 fot. Båten var bygd på Løvfallstrand i Hardanger i 1938 og vart forlenga i 1946.
Den fekk registreringsmerke S.F.159 D., S.F.159 V etter kommunesamanslåinga i 1964.Edvin dreiv båten sjølv saman med sonen Arnvid.
Dei dreiv reketråling i Nordsjøen, fiske etter håbrand langs kysten nordover til Lofoten, dei var hjelpebåt under snurpefiske og dreiv tråling etter industri-og konsumfisk.
Trålinga og oppdraga som hjelpebåt kravde stor slepekraft, og det vart skifta motor i Havegg to gonger, sist i 1956 då den fekk montert ein Volvo Penta.
Båten vart seld til Finnmark i 1973.

Kjelde:”
Skygger over Utvær.” Av Arnfinn Haga.
Arnvid E. Nore.

- Harald Maurstad.-