Om ulukker på kyrkjeferd

Det hende at ei kyrkjeferd førde rett i dauden. Rugsund sokn er ei sundrivi og vidsveimd sokn, med harde sjøstykkje som Frøysjøen og Fåfjorden. Ikkje var det alltid so lett å taka seg fram yver Nordfjorden heller, for nordsidingane , når dei skulde til kyrkja i Rugsund. Men folket var sjøvande og let seg ikkje stogga når det var noko som stod på. Som oftast gjekk det godt, men det hende at veret fekk yvertaket og det barst rett i dauden. Naturi sigra yver modet. Sundag 29. oktober 1876 var det gudsteneste i Rugsund. På Totland var det eit barn som skulde til dåpen. Det var ikkje solgangsbris, den dagen, men ein skytung himmel som ikkje lova godt. Likevel tok dei ut den dagen, for dei hadde eit barn som skulde døypast. Og so er det rart med det når ein hadde skipa seg til med det, so vil ein helst få det gjordt, sjølv um veret var grått. Denne oktoberdagen gjekk nordvesten med stormbyger og roksalvingar og hagl so det sveid i andlitet. Barselbåten var ein femkeiping med ti menneskje umbord. Både karar og kvinnfolk var godt vødde med oljeklæde og styvlar. Med seglet uppe bar det sør etter fjorden. Midtfjords fekk dei ei kvass bya. Ein freista å få seglet ned, men draget hadde skore seg fast og fyrr ein vardest låg alle i sjøen. Ei fjordajakt drog framum. Dei ropa um hjelp alt dei vann, men jekti ansa dei ikkje. Ved forhøyr seinare måtte jektemannskapet svara for seg. Dei sa at dei hadde nok med å berga seg sjølve. Um litt kom ein kyrkjebåt frå Raudeggja framum. Den berga tre av dei ti. Dei tre var Mons Totland, Erik, bror hans og Marta Skaret frå Vanylven. Dei to siste var då utan medvit, men rakna til att. Mons var ein kobbe til å symja, og heldt uppe Marta Skaret til hjelpi kom. Mons hadde vore med og sett dramaet frå fyrst til sist, og sett den eine etter den andre verta burte i stormen. Han høyrde skriki deira der dei stridde for livet. Han såg Pernille Totland som skulde bera barnet kava seg upp på kvelven tre gonger med barnet i eine armen. Men kvar gong vart ho slegi av kvelven av dei tunge bårone. Dåpsbarnet var ein gut, son til Mons Totland, - dei fann han flytande, men livet var sløkt.Erik Totland var og ein flink symjar, men sa seinare at styvlar og oljehyre hadde meinka han fyrr han fekk dei av seg. Sidan når han skulde på sjøen tok han aldri på seg oljehyre. Dei som kom burt var: Pernille Pedersdotter Totland, 51 år. Jakob Jakobsson Brobakke, 47 år. Kona hans, Kristianna Rasmusdotter, 44 år. Hans Olsson Totland, 41 år. Olai Erikson, 20 år. Kristen Valdemarsson Totland, 39 år, og so dåpsbarnet. Jakob Brobakke let etter seg sju born. Hans Totland: kona og to born. Kristen Totland : kona og tre born.


Den 12.te September gjekk det gale med ein kyrkjebåt frå Totland. Det var landsynning og dei var på heimferd. Dei rodde langs med landet inn til Elde der dei la på fjorden. På båten var fem kvinnor og ein gut i konfirmasjonsalderen. Dei hadde truleg greidt seg um ikkje eine kjeipen hadde roke sunder so dei ikkje fekk bruka alle årane. Dei freista lensa undan veret for bårone var store og vinden kvass. Det gjekk godt til dei var berre nokre famner frå land då båten skar full. Dei kava seg upp i fjøra, men der var det berre bratte håle berget ratt i sjøen. Av dei seks umbord berga to livet. Det var Jørgine Rasmusdotter Rimstad og Olleana Ivarsdotter Rundshaug. Dei som sette livet til var: Borni Jonsdotter Rimstad, 25 år. Kristian Pederson Rundshaug, 16 år. Katrina Jesdal og Synneve Leirgulen. Dei to siste er merkeleg nok ikkje nemnde i kyrkjeboki. Denne ulukka bar til på ei liti vik tett attmed Rafteviki mellom Totland og Krokapollen. Staden der dette hende hev sidan vore kalla Likviki.