Sjøfuglen

Sjøfuglen heitte ein båt i bygda vår. Den stasjonerte i Hessevik og eigarar var Knut Åland, Jakob Heggedal og Anders P. Nore, alle frå Bryggja og Gustav Refvik frå Nord- Vågsøy. Båten dreiv for det meste fiske, men vart òg ein del nytta til frakting.
Uversnatta mellom 28- og 29 Januar 19 27 forliste tre fiskebåtar utanfor Sunnmøre, truleg på Buadjupet nord for Runde, og 22 fiskarar miste livet.

Sjøfuglen; Eigar av foto: Knut Åland


Ein av desse båtane var Sjøfuglen frå Bryggja.
Det vart funne vrakrestar etter dei to mørebåtane Tordenskjold og Havbraut, men ingenting vart funne etter Sjøfuglen.
Vanlegvis var Knut Åland skipper ombord, men denne vinteren var sjøfuglen utleigd til Ulsteinvik på Møre. Med som mannskap var ein av eigarane, Gustav Refvik, og dei tre ungdomane frå Bryggja: Alfred Rimstad, Per Nore og Knut Maurstad.
Denne tragiske hendinga gjorde eit sterkt inntrykk blant bygdefolket, og i etterkant vart det starta to redningsforeiningar , ei i kvar av krinsane i bygda.

Omkomne i Sjøfuglforliset 1927. F.v. Per Nore, Alfred Rimstad og Knut Maurstad; Kopi frå Fjodenes Tidende


Lærar Ola Hausle skreiv dette diktet til minne om dei tre staute ungdomane:

Inn i stilla:

Stormande angstfylte januarnatt
deg me uhugleg vil minnast.
Sjøfuglar mange vart liggjande att.
Herren gjev sorgi må linnast!
Myrkret var tett, orkanen vill;
fyrblink fekk ikkje sleppe til
syna deim veg gjenom drivet,
nett då det spurdest om livet,

Tjuge tvo menner i beste år
la seg til kvila i båra.
Kven kan mæla all saknad sår?
Kven kan vel telja kvar tåra?
Hjarta åt mor av ank og sut
ofte var tyngd for sin kjære gut.
No fekk det dette å lida!
Trøysta du Gud i all kvida.

Siste stormen er stillna no
for desse hjartuge søner.
Opp mot høgdi frå ville sjo
lyfter seg hugvarme bøner.
Inn til Guds hjarta dei nok fann veg.
Guten din- mor, tok han nok til seg,
heim ifrå storm og båra;
Sjå opp og turka di tåra.

Kjelde: Fjordenes Tidende, Einar Nore og Knut Åland.

- Harald Maurstad.-