Bryggja Idrettslag

Trimpoeng app til Bryggjatrimmen 2024, frå mai til september, meir info

Skrive av: mail frå Cecilie Solibakke, 13. May 2024

meir info frå fb 13.mai 2024:

Info om Bryggjatrimmen 2024:

For barn 0-13 år:
Her vil alle barn som deltar på 1 av turane, som blir nemnt under, få premie. Dei ungane som har gått 6 av dei nemnde turane vil få premie med litt meir verdi, det same ved 7 turar og 8 turar. - Holevatnet- Honnjsteinen- Åsnesnakken- Fjellet på Søholmen- Draumeplassen- Kringla- Hestedalen- BekslehornetVil nemne at ein kan gjerne gå 4 gonga på Draumeplassen, men den tels berre som ein tur. Målet er å la ungane bli kjent i nærområdet, difor er denne fjelltrimmen tenkt at ein samlar forskjellige turar. 

For ungdom 13-18 år:
Vi køyre ei eiga klasse for ungdom! Den ungdommen med mest poeng får premie, i tillegg vil det bli trekt ein premie til ein tilfeldig deltakar av dei som har samla over 200 poeng!

For vaksne:
Målet er å få fleire til å bruke nærområdet og vere i fysisk aktivitet. Fokuset bør vere å motivere seg sjølv til å gå meir på tur. Vi vel difor å trekke fleire tilfeldige vinnarar av dei som har over 100 poeng. I tillegg vil vi gje premie til dei som har flest ulike turmål, her vil vi sjølvsagt vurdere i forhold til om vedkommande har fått premie på eit anna kriterium, då vil premien gå til neste på lista. For dei meir konkurranselystne vil vi gje ut premie til dei 2 med mest poengsum, både i herre og dame klasse. Vi er også no i startfasen, vi justera difor litt poeng på enkelte turar, slik at vi får fleire til å prøve nye turar

Om du ikkje er interessert i konkurranse vil eg likevel oppmuntre til bruk av appen, den er fin til å følge med på eigen progresjon og motivere deg sjølv til å gå meir i skog og fjell. Den er også fin til å oppdage nye turmål og plassar og du kan gjere variert aktivitet; barnevogntrill, sykling, sparkesykling, gåing, jogging langs fjorden eller oppe i stiar og fjell! I tillegg kan ein nytte appen til statistikk på bruk av turområder i motarbeiding av vindturbinar og andre naturinngrep kring oss!Spre ordet i bygda og få med fleire på ein aktiv sumar! Er det noko utfordring med å melde seg på eller liknande, ikkje nøl med å ta kontakt!

Det er gratis for alle medlemmane I Bryggja idrettslag. 

Følg denne linken for å melde deg inn i idrettslaget :https://medlemskap.nif.no/25746
For å få tilgang til trimpoeng:https://delta.trimpoeng.no/fjelltrim-bryggja-2024
Minner om at alle punkt ikkje nødvendigvis er sti/tydeleg merka til, så bruk kart, gå med kjente eller les turskildringar på ut.no, morotur, Opptur Stad-boka eller liknande til å finne fram! God tur

---------------

Velkommen til ein sprek sumar i det nydelege nærområdet vårt!

Bryggja idrettslag arrangerer sesongen 2024 Bryggjatrimmen. Det er gratis å delta for alle som er medlem i idrettslaget. Konkurransen er også open for andre å delta på, men deltakara som ikkje er medlem må betale ei deltakaravgift på 350 kr eller bli medlem i idrettslaget(250 kr). Turmåla ligg både lågt og høgt. Målet er å få fleire ut på gåtur, sykletur eller topptur.

Korleis fungera det?

Det einaste du treng er ein smarttelefon og å laste ned Trimpoeng-appen til din telefon. Følg denne lenka for registrering:

https://delta.trimpoeng.no/fje...

Inne i konkurransen Fjelltrimmen Bryggja IL finn du 54 ulike turmål. For kvar gang du sjekkar inn på eit turmål samlar du poeng. Du kan gå til same turmål fleire gongar, men det må gå minst 8 timar mellom kvar innsjekking. Turmåla har ulike poengverdiar. Du kan følgje med i appen på poengsummen din. Og ei liste på kor du ligg an i konkurransen. Konkurransen pågår frå 01.05.24 - 30.09.24. Det er ikkje lov å køyre til eit turmål, eks. Gamlevegen. Ein kan derimot nytte føtter, sparkesykkel, sykkel, skatebord, rullator og andre måter ein bevegar seg på.

Turmåla er ikkje nødvendigvis fysisk markert i terrenget, heller ikkje alle tura det er sti til, men ved hjelp av Trimpoeng-appen ser du måla og kor punktet for innsjekking på turmålet er.

Det er ei liste over namn på turmåla, men det er også i appen eit kart som syner kor innsjekkspunkta er.

Turane tar dykk på eige ansvar. Vi ber dykk vere forsiktige, ta omsyn til fjellvettreglar og ta trygge vegval. Vi ber også om at de tek omsyn der de parkera. Vi anbefalar å sjå til ut.no, morotur.no eller "Opptur Stad"- boka der nokre av turmåla kan finnast skildring til.

Dersom det oppdagar nokon feil med punkta, har forslag til fleire punkt eller har spørsmål - ta gjerne kontakt med Cecilie Solibakke Hessevik, 481 42 654, eller send ein mail på bryggjaidrettslag@gmail.com.

Vi ynskjer dykk alle ein god tur!