100 år er ein lang tidsepoke, men historisk sett ikkje lenger enn vår nære fortid.
11 juni 1913 vart vedtaket om kvinnene sin allmenne røysterett
samrøystes fatta i Stortinget. Dette hadde vore ein lang og til tider
hard kamp, for kvinnene å vinne fram tidleg på 1900-talet. Fleire menn
vart også etter kvart med å bane veg for det dei meinte var ein
likeverdig rett i samfunnet.
I 1913 hadde Landskvindestemmerettsforeningen ført denne kampen i over
10 år. Fridomskampen for unionsoppløysinga i 1905, der fleire av desse
kvinnene hadde vore med, var nok ein sped start for kvinners rett til
likeverd i viktig samfunnsdeltaking, som allmenn rett til å røyste.
Camilla Collett, forfattar og prestedotter, var tidleg ute og snakka om
kvinners likeverd og rett i samfunnsutviklinga. Då ho døydde i 1895,
stod fleire kvinner i hennar nære krets klare til å føre kampen vidare,
for fridom og likeverd.
NKS sin grunnleggar og fyrste leiar, Fredrikke Marie Qvam, var ei av desse kvinnene. Saman med kjende kvinner frå den tida, som Karen Grude Koht, Gina Krog, Betzy Klelsberg, Katti Anker Møller og Fernanda Nissen, arbeidde dei målretta for kvinners røysterett, og for kvinners rett til deltaking i dei lovgjevande organ. Likeverd og rettferd, for kvinner på lik linje med menn, var ei målsetjing for denne kampen. Om dette kunne oppnåast på ein demokratisk måte, måtte kvinnene også få ta del gjennom allmenn røysterett. Då denne kampen vart krona med siger i 1913, var dette eit stort framsteg for norske kvinner. Til samanlikning fekk ikkje Sverige røysterett for kvinner før i 1921.
Fredrikke Marie Qvam var ein frontfigur for betre humanitere og helsemessige spørsmål på slutten av 1800-talet. I 1896 gjekk ho i brodden for å engasjere kvinner rundt om i landet, for betre helse og hygiegene mv. Same året vart organisasjonen ” Norske Kvinners Sanitetsforening ” starta, med Fredrikke Marie som den fyrste legendariske leiaren. Kampen mot tuberkulose, som då var den store folkesjukdomen fekk då stor priorritet. Men også i den spente tida fram for unionsoppløysinga i 1905, såg dei behovet for å yte hjelp til td. soldatane som låg på grensevakt og var dårleg utstyrte både med mat og kler.
Norske Kvinners Sanitetsforening vart, etter kvart, ein organisasjon
som fekk rotfeste over heile landet. Sanitetshus med kløvermerket på
vart også reist mange stadar. NKS fekk også sett i gang
sjukepleiarutdanning, og folkeopplysning om folkesjukdomane vart ein
viktig del av arbeidet.
Etter kvart tok det offentlege over mykje av det samfunnsbærande
arbeidet, som NKS fekk sett i gang. Men NKS hadde gått føre og vist veg.
Og med Fredrikke Marie Qvam i føringa såg ein dei store betringane i
norsk helsevesen. Qvam fekk stor forståing for at heile landet måtte få
same tilgang til dei gode tiltaka i helsevesenet. NKS vart snart landets
største kvinneorganisasjon, og Fredrikke Marie Qvam sat som leiar i
denne landsomfattande organisasjonen i nærmare 40 år. NKS er også i dag
den største kvinneorganisasjonen i Noreg, no med Ellen-Sofie Egeland
som sentral leiar.
Når Sanitetsforeninga på Bryggja, som er einaste lag av NKS i Vågsøy, no
arrangerer sin årlege basar, finn ein det naturleg å ta fram ein liten
del av det historiske biletet, dette sidan ein no kan sjå attende på 100
år med allmen røysterett for kvinner, og sidan dette er ein viktig del
av NKS si historie.
Bryggja Sanitetsforening arbeider elles for gode tiltak lokalt, men er
og ein fast bidragsytar til forsking og utvikling av prosjekt i ”
sanitetens ” ånd, som dei fremste forskingsmiljøa i landet vårt har stor
nytte av. Forsking på folkesjukdomane våre har hatt ei rivande
utvikling, og NKS sentralt har ytt mykje til dette viktige arbeidet,
takka vere bidrag frå sanitetslag rundt om i heile landet. ” Saniteten ”
si målsetjing er viktig, og er ein god vegvisar i det frivillige
helsearbeidet, men er også ein god støttespelar i andre lokale
samfunnsnyttige tiltak, som skule, barnehage, kyrkje, eldre, mv.
Sanitetslaget på Bryggja er naturleg nok eit heller lite lag, med ca 70
medlemar. Av desse er ca 25 kvinner aktive i lagsverksemda. Bryggja
sanitetsforening vart stifta i 1964, etter oppdelinga av gamle Davik
kommune. Det har alltid vore stabil og god aktivitet i laget, som
gjennom desse åra har fått vore ein positiv medspelar for gode tiltak,
der behovet har vore til stades.
Bryggja Sanitetsforening,
v/ styret.